Sterk tradisjon - nye horisontar 

Fiskerstrand Verft si store jubileumsbok (100 år i 2009) fortel både om utviklinga av verftet og ei heil bygd. Korleis hadde Fiskarstrand sett ut i dag, hadde ikkje Peder E. Fiskerstrand starta verft her i 1909?

Dei to som står bak jubileumsboka er Jens Arne Molvær (tekst) og Georg Jensen (foto).

Pris kr 400,-

Boka kan du bestille på annonser@sulaposten.no (klikk på adressa).


Årsskrift Sula sogelag

Kvart år sidan 1994 har Sula sogelag gitt ut sine årsskrift - eit dugnadsarbeid som utan tvil har berga mange hendingar, stadnamn og artige historier. Årsskrifta kan både bli kjøpt eit og eit, og samla. Årsskrifta for 2008 og 2007 kostar kr 180,- dei som er eldre resten er sett til kr 100,-

Sogelaget har også gitt ut boka "Utvandrarane frå Sula", som tek for seg dei som utvandra frå Sula til andre land og verdsdelar i tida 1706-2001. Prisen på denne er kr 400,-

No er også årsskriftet for 2009 kome i hus! Prisen på dette er kr 200,-

 

Bøkene kan du bestille på annonser@sulaposten.no (klikk på adressa).


Sula-soga

Sula-soga er samletittelen på bygdebokverket for Sula kommune. Dette verket består av totalt seks bøker.

I dei fem første bøkene kan du lese om alle bustadane i kommunen, gardar, plassar og nyare bustadhus - og ikkje minst folket som bur og har budd der.

Sula-soga 1: Kvasnes - Bjørkavåg. Boka kom ut i 2004. Pris kr 495,-

Sula-soga 2: Furneset - Tranvågen. Boka kom ut i 2005. Pris kr 495,-

Sula-soga 3: Fiskarstranda - Holsfeta. Boka kom ut i 2006. Pris kr 495,-

Sula-soga 4: Vågneset - Fyllingen. Boka kom ut i 2008. Pris kr 495,-

Sula-soga 5: Stadsneset - Kalvestad. Boka kom ut i 2008. Pris kr 495,-

Den sjette boka er eit registerbind som skal gjere det lettare å finne fram i bokserien. Denne boka blir gitt ut i oktober 2009. Prisen kr 350,-

Samla pris for alle fem busetnads-sogene og registerbindet er kr 2350,-

Sula-soga har også gitt ut bildeboka "Med blikk for Sula". Dette er både eit fotoarkiv og ei kultursoge, som tek for seg dei mange bilda til fotograf Fylling ("Høle-Knut"). Boka kom ut i 2002. Pris kr 378,-

Bestill på annonser@sulaposten.no (klikk på adressa).


Turbok for Ålesund og omegn

Komplett beskrivelse av 36 flotte turar i Giske, Haram, Hareid, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Forfattarane Kai A. Olsen og Bjørnar S. Pedersen har tenkt tur heile vegen - og denne turguiden består av ei stor og ei lita utgåve. Den sistnemnde får fint plass i anorakklomma.

Turboka kom i ny og forbedra utgåve hausten 2009. Pris kr 228,-

Bestill på annonser@sulaposten.no (klikk på adressa).


The Brazz Brothers

Ann Kristin Andersson, Veslemøy Østrem, Grete Wennes, Åse Ødegård, Magnhild Tafjord og Jannice Levin er gift eller sambuar med kvar sin Brazz-bror. I 2005 gav dei ut bok om denne artige musikargjengen, som etter kvart har gjort seg kjende både i inn- og utland som The Brazz Brothers.

Pris kr 329,-

Bestill på annonser@sulaposten.no (klikk på adressa).



Sulaposten i pdf-format