Generelle betingelser

Betingelsar for abonnement

Avtalepartane:

Desse vilkåra gjeld mellom kjøpar/abonnent og seljar SULAPOSTEN AS, Remane 2, 6030 LANGEVÅG org.nr. 916 022 425

Kundesenter tlf. 70 20 84 80 eller e-post: abonnement@sulaposten.no

Desse abonnementsvilkåra gjeld for alle som abonnerar på papiravisa og/eller digitale produkt og tenester frå seljar. Vilkåra kan endrast utan nærare varsel, men ved større endringar vil du bli bedt om å lese gjennom og akseptere vilkåra på ny.

Du som abonnent må sørgje for at avisa til ein kvar tid har rett kontaktinformasjon på deg.

Pris:

Prisen for vara og tenester på nett er den totale prisen kjøparen skal betale. Prisar på dei ulike abonnementa finn du under «Bli abonnement». Avisa forbeheld seg retten til når som helst å endre prisane på det løpande abonnementet. Prisar for abonnement kan bli justert og nye prisar vil kome fram av nettsidene. For den enkelte abonnenten vert nye prisar gjeldande frå og med startdato for neste abonnementsperiode.

Produktet:

Produktet består av Sulaposten si e-avis som kan lesast på datamaskin, nettbrett eller mobil, og nettsida sulaposten.no med alt innhald. Produktet kan også innehalde den trykte papiravisa og levering av denne til postkasse dersom dette er bestilt.

Sulaposten kan tilby ulike abonnement;

KOMPLETT:

Med abonnementet komplett får du tilgang til alt innhald digitalt (PC, mobil og nettbrett) med E-avis og pluss-sakene. I tillegg vert papiravisa levert til registrert adresse. Du kan flytte abonnementet til ny fast adresse eller til ferieadresse. Enkelte leveringar til midlertidig adresse kan medføre gebyr. Midlertidig stopp vert ikkje godskrive.

DIGITAL:

Abonnementet gir tilgang til alt innhald digitalt (PC, mobil og nettbrett) med E-avis og sulaposten.no sine pluss-saker.

UNG:

UNG er eit abonnement for deg under 34 år og kan bestillast både som komplett- og digitalabonnement. Etter fylte 34 år blir abonnementet endra til eit ordinært abonnement og med ordinær pris automatisk.

Betaling:

Eit abonnement vert betalt på førehand og går heilt til det vert sagt opp, eller rekninga ikkje vert betalt. Dermed krev seljar betaling frå det tidspunktet kjøpet vert gjennomført. Kjøpar får tilgang til produktet med ein gong.

Ved oppseiing går abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert stoppa etter dette. Ved kampanjekjøp blir abonnementet endra til eit ordinært abonnement og med ordinær pris automatisk, med mindre oppsigelsen vert mottatt seinast tre dagar før kampanjekoden går ut, eller du kan sjølv seie opp abonnementet på «Min side». Kjøpar har sjølv ansvaret for å følgje med på når kampanjekoden går ut. Ordinær pris vil då bli belasta betalingskortet for ei ny periode. Dersom ordinær pris ikkje kjem fram av bestillingsskjema, finn du desse på seljar si nettside eller ved å vende seg til kundesenteret.

Fakturagebyr på 55,- kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret dett vekk ved AvtaleGiro/ kortbetaling og faktura på e-post. For avtale om AvtaleGiro og efaktura kontakt banken din.

Alle oppgitte prisar gjeld levering i Norge. Utanfor Norge gjeld særskilte vilkår.

Kjøper kan gå frå kjøpet innan 14 dagar etter betaling.

Levering:

Produktet vert levert frå betalingstidspunktet ved kontinuerleg oppdatering av nettstaden sulaposten.no og 48 utgåver av e-avisa/den trykte papirutgåva. Nokre veker der det er raude dagar og heilagdagar, vil Sulaposten kome ut annleis, og med redusert frekvens. I feriane vert utgjevarfrekvensen redusert.

Mangel på vara:

Om avisa blir borte på grunn av forhold utanfor seljar sin kontroll, eller andre leveringsproblem, vil seljar sitt erstatningsansvar avgrense seg oppetter til det kjøpar har betalt for tilsvarande tidsrom. Forseinka avis vil ikkje gi erstatning. Har du tilgang til avisa digitalt erstattast ikkje uteblitt papiravis ved eventuelle leveringsproblem.

Oppseiing:

Abonnementet er bindande til det vert sagt opp av kjøpar, abonnementet kan ikkje seiast opp i bindingsperioden. Kjøpar kan sjølv, når som helst bestille stopp av abonnementet ved utløp.

Oppseiing kan vere skriftleg, enten elektronisk på Min side, alternativt pr. post eller e-post til seljar sitt kundesenter eller ved oppmøte. Abonnementet går ut perioden du har betalt for. Dette inneber at det ikkje vert gjeve refusjon for innbetalt beløp.

Dersom du ikkje har betalt abonnementet innan rimeleg tid etter forfall, blir avisleveringen og/eller digital tilgang stoppa og du vert fakturert for uteståande beløp.

Personvern:

Sulaposten AS tek personopplysningar på alvor. Informasjon vert lagra på kryptert server. Kundeinformasjon vert ikkje utlevert til tredjepart.

Kopiering:

Alle artiklar, fotografi, grafikk med meir stillast til rådigheit for visning/lesing. Bruk og framstilling utover personleg bruk krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk for øvrig. Det blir vist til opphavsrettsloven.

Konfliktløysing:

Klage skal rettast til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøkje å løyse eventuell tvist i minneligheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøper ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 40 05 00 eller www.forbrukerradet.no.

Cookies:

For å kunne logge deg inn på nettavisa må du ha aktivert «cookies»-funksjonen i din nettlesar. «Cookies» vert nytta for å identifisere våre servere til din data, slik at dei kjenner att kvarandre.

Vilkår:

For å få tilgang til vår internetteneste og kunne nytte deg våre tenester, må du akseptere avtalevilkåra. Avtalevilkåra omfattar alle aspekt som styrer forståelsen mellom oss som leverandør og du som brukar. Avtalevilkåra er tilgjengeleg i våre «Betingelser» som du kan finne i registreringsskjemaet for nye brukarar og i botnen av framsida Cookies/Personvern.